Ryfylke Bok & IT AS Sauda
sauda@bok-it.no
RÃ¥dhusgata 1, 4200 Sauda
527 90 667
Elektrobutikken på folkemunne. Denne avdelinga vart oppretta hausten 2013 då Coop i Sauda la ned drifta av si elektroavdeling. Me kjøpte innhaldet i butikken og tok med oss to av dei ansatte, flytta butikken ned på kaien i dei gamle lokala til Skipsekspedisjonen i Sauda. Butikken er på rundt 100 kvadrat og har det meste ein treng av elektronikk. Her er det god parkeringsplass utanfor butikken, slik at ein slepp å bæra langt.
I butikken vår i Sauda, jobbar Kari Lise og Oddwar. Dei sel TV, Kvitevarer, småelektrisk og IT-utstyr. Me er også forhandlar av TV-abbonement frå Viasat, Canal Digital og RiksTV. Oddwar monter parabolar / antenner og stiller inn elektronikk til dei kundene som ynskjer det.
I tilegg har me IT-konsulent Jon Aksel med på laget i Sauda. Han er mykje ute på farten hjå alle kundene våre i Sauda,for å hjelpa dei med små og store IT-utfordringar.